Ferie og fritid

Ferie og fritid sommarstid

Bading

Badeplassen i Solvorn

Ved Hafslovatnet og Lustrafjorden er det fleire fine badeplassar. Ved Lustrafjorden, som er ein av dei mange fjordarmane til Sognefjorden, er badeplassen ved Solvorn svært pupulær.

Solvorn ligg ein liten biltur på ca. 10 minuttar frå hyttefeltet.

 

Lustrabadet

Nytt flott badeanlegg i Gaupne for heile famillien. Anlegget stod ferdig hausten 2012 har innandørs 25 meters idrettsbasseng med seks baner og et stupetårn med 1 meter og 3 meter sviktbrett, samt 3 meter og 5 meter fast plattform. Det er ca. 10 minutt reisetid til Lustrabadet som har eiga nettside: www.lustrabadet.no

 

Jakt

Frå hyttefeltet er det vanleg å sjå hjort ute på jordene, det er eit flott skue. Er du interessert i jakt er det mogeleg å leige jaktterreng i Hafslo, elles i område er det terreng for rype og anna småviltjakt. Det er flotte rypeterreng i fjella omkring Jostedalen og Turtagrø. Med tida kan det bli opna for reinsdyrjakt i dei austlege fjellområda i kommunen.

 

Fiske

Blant fiskevatna i området er Hafslovatnet eit av dei beste vatna for fiske av aure, som er ein svært populær matfisk. Det er vanleg å sjå båtar som driv med otring på vatnet. Det er mange som driv med flugefiske i Straumane som ligg i eit fuglefredningsområde i innløpet til Hafslovatnet. Det går også an å prøve fiskelykka i Sognefjorden eller ta turar med kajakk.

Gå rett ut i naturen frå hytta

 

Kan spaserer frå hytta og rett til fjelltoppen Molden og sjå cruiseskipa på Lustrafjorden. Utsikten er formidabel i alle himmelretningar!

 

Hyttefeltet er omkransa av blåbærlyng.

 

Eit av verdas største cruiseskip på tur ut fjorden. Her er skipet nesten komen til Urnes.

 

Om sommaren er det sauene som overtek skibakkane på Sogn Skisenter.

 

Mang ein fjellvandrar har hausta av multemyrane.

 

Sykkeltur til Mollandsmarki med utsikt til Hafslo.

I nærområdet er fjelltoppen Molden, som ein ser i bakgrunnen på bilete, eit populært og lett tilgjengeleg turmål

 

Elles er det turstiar til dei mange stølane og fjelltoppane i området med utsyn til flotte dalar, isbrear, fjellvatn og fjordar.

 

I Breheimen og Jotunheimen er det eit nettverk av merka stiar

Fakta

Luster Kommune

Festivalar/Kultur

Dette er berre eit utval av alle arrangementa i Sogn.

  • Balejazz
  • Hafslo Fiskefestival
  • Lustradagane
  • Sogndal Kulturhus
  • Molden Opp
  • Fannaråki Opp
  • Sognefjellsrittet
  • Sogneford Cup

Videoar

Copyright © All Rights Reserved