Skisenter

Skieldorado - snøsikkert område

Frå toppen av Sogn Skisenter har du fantastisk panoramautsikt over fjella i Sogn. Og på godvêrsdagar kjem også Hurrungane i Jotunheimen til syne. Spenn på deg skia og prøv skibakkane og flott sognepudder!

 

Spaser rett inn i skieventyret

Skisenteret har i dei siste åra utvikla eit koseleg barneområde for skileik og anna morro. Her er det eit gratis barneskitrekk og eit litt lengre familietrekk. Hovudheisen tek deg opp til Sognaheisen. Sognaheisen tek deg heilt opp på 1000 moh. Her finn du fleire flotte alpinbakkar. Den nye Panoramaløypa på 4 km går nedover i slakt terreng og forbi ein liten støl og heilt ned til kaffeen og hovudheisen. Området byr på flotte turar i puddersnøen. Du ser rett innover mot Jotunheimen, og du kan sjå litt av verdas lengste fjord Sognefjorden. Besøk gjerne skisenteret sine nettsider på sognskisenter.no.

 

Toppskiturar

I nabokommunen Sogndal ligg Sogndalsdalen med sine flotte fjell for toppskiturar. Der ligg Sogndal Skisenter som også er eit skianlegg i utvikling med utbygging av nye skitrekk. Sogn Skisenter og Sogndal Skisenter har skipasset Sognapass for bruk i begge anlegga til gunstige prisar.

 

Vår og sommarstid ligg Jostedalen og Sognefjellet ein times tid unna

Sommarskiturar

Vår og sommarstid ligg Jostedalen og Sognefjellet ein times tid unna. Dette er området som er kjent for sine flotte toppturar både sommar og vinter. På Sognefjellet sommarskisenter kan du gå langrenn med panoramautsikt mot Fanaråken og andre flotte tindar. I både Jostedalen og på Sognefjellet/Turtagrø er det guidar som kan ta deg med på opplevingar i fjellet du seint vil gløyma. Det er også mogeleg med dagsturar til Galdhøpiggen Sommarskisenter for alpin skikøyring der.

 

 

 

Skieldorado i Sogn

 

Sogn Skisenter ligg i eit snørikt område på Vestlandet.

Sogn Skisenter ligg i eit snørikt område på vestlandet.

 

Frå toppane i Hurrungane ser ein mesteparten av dei tre nasjonalparkane i Jotunheimen, Breheimen og Josdedalsbreen.

Frå toppane i Hurrungane ser ein mesteparten av dei tre nasjonalparkane i Jotunheimen, Breheimen og Josdedalsbreen.

 

I fleire veker samanhengande i vinter var det strålande solskinsdagar og eit nydeleg skiføre.

I fleire veker samanhengande i vinter var det strålande solskinsdagar og eit nydeleg skiføre.

 

Her står vi på toppen av Sogn Skisenter i flott kveldssol!

Her står vi på toppen av Sogn Skisenter i flott kveldssol!

 

Stadig fleire utvidar skisesongen til langt ut på vårparten. Bilete er frå Dyrhaugsryggen ved Turtagrø.

Stadig fleire utvidar skisesongen til langt ut på vårparten. Bilete er frå Dyrhaugsryggen ved Turtagrø.

 

Måneskinnstur på Sogn Skisenter.

Måneskinnstur på Sogn Skisenter.

Ei hytte i Hamregota gjev deg mange moglegheitar til skiturar nesten heile året rundt.

 

  • Langrenn og alpint rett utanfor hyttedøra

 

  • Fantastisk puddersnø

 

  • 1 time til Sognefjellet Sommarskisenter for langrennskiturar

 

 

Arrangement/lag som er vert eit besøk

Ski heile året

Copyright © All Rights Reserved