Hyttetomt

Hamregota Hyttefelt

Hyttefelt ligg ved Sogn Skisenter ca 330 moh. på Hafslo i Sogn og Fjordane, ca. 15 minutt frå Sogndal og 10 minutt frå kommunesenteret Gaupne. Hyttefeltet består av 16 tomter. Det er kort avstand til Villa Solvi og vidare til Hafslo sentrum.

 

Fint plassert rett ved skisenter.

Hyttefeltet ligg fint til i lia med utsyn mot Sogn Skisenter. Heilt til venstre i bilete under ser du verkstadbygget. Litt nærare ser du fellesbygget til Hafslo Idrettslag og Hafslo Rødekors, og aller nærast alpinbakkane ligg bygget med kafe og skiutleige. På dei store flatene nærast hyttefeltet går langrennslysløypa forbi. Der er det også landingsplass for dei som kjem flygande ned med paraglider frå toppen av skisenteret om vinteren. Vår og haust kan du sjå hjort spaserande over jordet.

 

 

Hamregota Hyttefelt ligg rett ved Hafslo i Luster kommune, Sogn og Fjordane.

Hyttefeltet ligg rett ved den flotte jordbruksbygda Hafslo. Bygda har 1 441 innbyggarar per 1. januar 2012.

Masterplan for Sogn Skisenter, Heggmyrane

Masterplan for Sogn Skisenter, Heggmyrane.

Skiløypene er merka med mørk grøn farge. Hamregota Hyttefelt ligg i midten i nedre del av bilete, markert med ein lys beige farge. Klikk gjerne på bilete for å sjå det i eit større format.

 

Nytt skitrekk opp til 1000 moh. er under bygging!

Kveldssol på toppane ved Sogn Skisenter

 

Frå 1000 moh. har du dette utsynet på godvêrsdagar!

Frå 1000 moh. har du dette utsynet på godvêrsdagar. Puddersnøen ligg og ventar på dei fyrste skispora!

 

Byggestart i juni 2013 av fyrste hytte.

På denne tomta vart det reist ei hytte med byggestart i juni 2013.

Sogn Skisenter

Hyttefeltet ligg fint plassert i eit koseleg skogsområdet. Det meste av feltet er rydda for skog, og er no klart for utbygging. Sjå fleire bilete frå feltet her!

Hyttefeltet ligg fint plassert i eit koseleg skogsområdet. Det meste av feltet er rydda for skog og er no klart for utbygging.

Byggesettet du ser her er levert av drommehytten.no

  • 17 tomter
  • Tomtestorleik: 755m2 - 1300m2
  • Ferdig tilkomstveg inn i feltet
  • Tilknyta kommunalt vatnverk
  • EL-kablar ligg i veg
  • Pris frå kr 550 000 til kr 650 000

Sjå video fra området.

Skikøyring ved Sogn Skisenter

Alpinbakkar på Sogn Skisenter, Hafslo og Hafslovatnet sett frå ein paraglider.

Ta kontakt med Brynjulf Brynjulfsen for ein prat om hyttefeltet.

Copyright © All Rights Reserved