Framsida

No kan du realisera hyttedraumen midt i hjarta av Sogn!

Hamregota hyttefelt

Tomter til sals ved Sogn Skisenter på Hafslo i Luster kommune. I Luster kommune ligg Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark.

 

Tomtefeltet ligg ca. 15 minutt frå Sogndal og badeland i Gaupne. 3,5 time frå Florø og Bergen.

 

Hyttefeltet er regulert for 17 tomter, og det er lagt EL-kablar samt røyr for vatn og avløp til tomtegrense. Tre hytter er no bygde, og ein ny hytte skal etter planen byggast i 2018.

 

Tomteprisar:

Frå kr 450 000 til kr 650 000

 

Eigarform: Sjølveigar

Bustadtype: Fritid

Hyttefeltet si adresse: Heggmyra, 6869 Hafslo

Skieldorado både sommar og vinter

Frå Hamregota hyttefelt har du utsyn rett mot Sogn Skisenter. Frå hytta kan du spasere eit par minutt og rett inn i flotte turløyper. Frå skisenteret er det panoramautsikt over fjella i Sogn og Jotunheimen!

Ferie og Fritid

Jakt og Fiske

Er du interessert i jakt og fiske er det mogeleg å leige jaktterreng i området, og Hafslovatnet er eit av dei beste vatna for fiske av aure.

 

Bading året rundt

I Gaupne kan du bada året rundt i det flotte, nye Lustrabadet som er eit flott badeanlegg for heile familien.

 

Fotturar

I nærområdet er fjelltoppen Molden eit populært og lett tilgjengeleg turmål. I Breheimen og Jotunheimen er det eit nettverk av merka turstiar.

 

Copyright © All Rights Reserved